Heimelaga woksaus

Dokke veit desse nydelige og litt chunky woksausane ein får kjøpt på butikken? Ein får visst laga dei heilt sjølv. Til no har eg liksom tatt til takke med soyasaus og olje på woken, men det vert det faktisk slutt på. Greit nok, mitt fyste forsøk inneholdt alt for mykje soyasaus, men eg har i alle fall knekt koden. Oppskrifta under er mykje betre enn jomfruforsøket.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Min wok inneholdt blomkål, brokkoli, løk, paprika, hermetisk mais, hermetisk ananas, strimla gulrot og ei hermetisk wokblanding med bambusskudd, minimais og vannkastanje.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på woksaus:
→ 1/2 dl soyasaus
→ 2 dl vatn
→ 1 ss næringsgjær
→ 3-4 ss maizena
→ 2 ts tahini
→ 1 cm fersk ingefær
→ 1/2 fersk chili
→ 2-3 fedd kvitløk
→ 2 ts sitronsaft
→ 2 ts koriander

Eg hakka ingefær, chili og kvitløk i små bitar. Hadde alle ingrediensane i eit sylteagurkglas og rista det godt. Ikkje bli bekymra av at fargen ikkje er av den nydelegaste sorten eller at det heile skiller seg undervegs. Berre rist sausen godt rett før du har den i gryta. Eg var sterkt i sterk tvil om det kom til å bli saus i det heile, men den her glimta verkeleg til! Den tjukna godt i wokpanna og gav den wokfølelsen eg var ute etter. Om den i tillegg får nokre timar i kjøleskapet tippar eg denne sausen vert perfekt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I tillegg til woken forsøkte eg meg på ovnssteikt aubergine. Eg har aldri smakt aubergine før, så eg ante verkeleg ikkje kva eg gjekk til. Eit forsøk måtte til likevel. Eg skar ein aubergine i to og laga djupe skår i den utan å kutte gjennom skalet. Deretter steikte eg den med den opne sida ned i 35 min. Til slutt snudde eg den, slo på  250 grader og grillfunksjon i ovnen og venta i 5 min. Før servering strødde eg over salt, pepper og koriander. Streiketida er eg så absolutt nøgd med, men eg synast det smakte litt vel lite. Den viste seg å vere ganske så squash-aktig. Neste gong vil eg nok pensle den med ein marinade i staden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan dette er gårsdagens middag så har eg med denne i lunsjboksen på jobb. Uten aubergin då. Wok er heilt fantastisk å ha med seg i bagen både på jobb og på skulen. For det er vel denne typen mat ein kjøper i varmmatdisken likevel? Perfekt både smaksmessig og prismessig 😀

Do it yourself – for miljøet

Som eg har snakka om tidlegare er det ein heil masse saker ein kan gjere både for miljøet og seg sjølv. No har eg funne ut at eg skal prøve meg på å lage ulike ting sjølv. Ein ting vi brukar mykje av er såper, vaskemiddel, deodorantar og liknande. Desse er sjølvsagt stappa med både gode og mindre gode kjemikaliar. Stoffet som hindrar svette i mange av dei vanlege deodorantane er for eksempel aluminium. Kor fornuftig det er å smøre massevis av det utover huda kvar dag veit vi ikkje. I Noreg har vi heldigvis eit reglement som gjer at vi ikkje skal få i oss farlege mengder av desse mindre gode kjemikaliane. Problemet er at ein tar hensyn til mengda i kvart enkelt produkt og ikkje mengda ein får i seg dersom ein plussar saman nokre av desse produkta. Høyr, no har ho vore å surfa på internett igjen. Dette er kanskje ikkje tidenes beste kjelde, men VG har ein artikkel frå 2013 på saken her.

Nylig oppdatert

Heime har typen allereie starta enkelt med å vaske kaffetraktaren med eddik i staden for det kaffitraktarrensemiddelet ein får kjøpt på butikken. For, om vi er ærlege med oss sjølve, akkurat kor sannsynleg er det at kaffitraktaren treng eit heilt eige vaskemiddel? Null, spør du meg. Aftenposten har ein serie som dei fleste kanskje har sett frå før. Denne heiter «Bærekraftig Brukerhandbok» og du finn sida her. I dette programmet lagar dei blant anna tannkrem, shampoo, balsam og vaskemiddel til huset. Dei snakkar om ulike problemområder med kjemikaliar og dei testar ut produkta sjølve. Eg tenkte å teste ut nettopp desse produkta. Altså, kva taper ein på å prøve, liksom?

DIY household

Så, fyste prosjekt vart å rense kaffetraktaren med hjelp av eddik 7%. Neste prosjekt blir vel å lage vaskemiddel til hus. Dette er overraskande enkelt. Alt ein treng er eddik og sitronskal. På aftenposten så seier dei at eddik-lukta dampar vekk og dermed er det null problem å nytte eddik til nettopp dette. Eddik har den funksjonen at den fjernar feitt og sitron er bakteriedrepande. Eddik kan dermed nyttast i dusjen når denne skal vaskast. Dette har eg prøvd ved ei tidlegare anledning. Trikset er å la eddiken ligge på dusjkabinettet i ca. 30 minutt og dermed får ein vekk alt av feitt og andre godsaker. Om dokke huskar programmet der to damer reiste rundt til ekstremt skitne hus og gjorde desse reine så har dokke sjølv sett sitron i action. Dei brukte nemleg nesten utelukkande naturlege vaskemiddel. Her har vi ein ting eller to å lære.

Når ein lagar vaskemiddel til hus skal eddik og sitronskal blandast i for eksempel ei krukke. Dette skal trekke i to veker så eg får dessverre ikkje oppdatert dokke på saken før to veker er gått.

Nylig oppdatert

For oss som er studentar er i alle fall nokre av dei idèane som er illustrert i bilda over midt i blinken. Det er snart jul og mange av desse produkta er perfekte til å gje i gåve. Ta vare på alt av tomme glas framover og bli med på prosjektet mitt då, vel! Om nokon av dokke som les dette her har testa ut liknande ting heime så vil eg veldig gjerne høyre korleis det heile gjekk! Blir så glad for tilbakemeldingar at dokke anar det ikkje. Smil!

Follow my blog with Bloglovin

Ferdigtørka mjødurt

Huskar dokke den urta vi plukka og tørka for nokre veker sida? Om ikkje så finn du innlegget om det her. I alle fall, den har blitt ferdigtørka sida sist eg var på Osterøy og putta på krukker. Tenk så gøy! Skal ikkje eksludere svigermor heilt frå den skryten her, men dette har eg fått til (nesten) heilt sjølv! Kult. Som eg sa i forrige innlegg så kan den heilt fint drikkast frisk og nyplukka, det smaker heilt fantastisk, men så er det kanskje litt i travlaste laget å drive å plukke mjødurt kvar einaste dag. Sånn som den er på krukkene så er det berre å ta eit par kvastar i te-koppen og nyte.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No har eg laga te av mjødurt, konservert sjølvplukka kantarellar og fått ei lita innføring i korleis ein lagar saft sjølv. Kor skal dette ende, liksom? Haha, fy flate for ei husmor det blir av meg, då. Det verste er at eg synes det er ganske så kjekt.

Heimelaga iste

I går kveld laga eg iste for fyste gong. Det er fleire måtar å lage det på, men eg byrja med den enklaste – sjølvsagt. Eg hadde ca. 4 ts med te i ei flaske og helte varmt vatn over. Flaska har stått på benken gjennom natta og har vore i kjøleskapet om lag heile dagen. Eg er veldig nøgd med korleis det smakte, men neste gong skal eg teste om det vert skilnad i om ein berre nyttar kaldt vatn. Då må iste-en sjølvsagt trekke i ein lenger periode enn berre ca. 10-12 timar sånn som denne gjorde.

Når ein er student kan ein kanskje bli litt lei av å berre drikke vatn. Dette er ein utmerka måte å variere på. Du får kjøpt 4 posar med te til 100 kroner på Kremmerhuset (dei har ikkje slutta med dette, sant?). Med tanke på at eg brukte 4 ts med te på ein liter vatn så kan ein lage ein del liter for dei 100 kronene. Yey!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mangote (frå Kremmerhuset) og nokre sukettar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hell te-en gjennom eit kaffefilter og f.eks. eit råkostjern. Eller kva som helst anna du har i skapet!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det ferdige resultatet.

For dokke som ikkje ser det er denne flotte flaska kjøpt på Vinmonopolet. Det er absolutt heilt unødvendig å brenne av fleire hundre kroner på «pynteflasker» frå alle moglege slag av interiørbutikkar. Ei tom flaske, kniv og varmt vatn så får ein skrapa av alt av etikettar og lim frå flaska. Eg fekk meg to nye i går, denne blanke på biletet over og denne grønne på biletet under her:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om sommaren må ein nytte peisen til noko anna fornuftig.

↑  Ei tom whiskey-flaske, ein telysholdar arva frå svigerbestemor og eit norgesglas frå finaste Mommor. Blir nok ikkje noko trendvase opp på her i næraste framtid.

Glutenfri? Kva kan du ete då?

Eg kan vedde på at dei fleste som ikkje et ein type matvare får dette spørsmålet heile tida. Kva kan du ete då? Sjølv om utvalet vert litt innsnevra tyder ikkje det at ein ikkje kan ete noko. Laurdagsgodtet denne helga vart for eksempel jordbær med mørk sjokolade. Sidan det var laurdag hadde min berre 50% kakao og inneholdt produkt frå kumjølk. Supergodt og superenkelt å gjere om til vegansk godteri!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA