1, 2, 3, Sjukepleiar

Om tre år er eg sjukepleiar! Dei seier at ein må skynde seg å starte på skulegangen etter vidaregåande, men eg kjenner at åra utan skule har gjort meg godt. Misforstå meg rett, men no veit eg at eg vil ha utdanning. Eg veit at eg vil fullføre dette. Dermed har eg nok hundre gongar meir motivasjon enn eg ville hatt for tre år sidan. Ja, eit friår vart til tre. Nei, alle som sa meg i mot, det betyr ikkje at eg aldri kjem til å ta utdanning.

På sjukepleiestudiet er det sinnsjukt mykje litteratur. Det er det nok på dei fleste andre studie òg, men eg får litt bakoversveis av heile greia. Stabelen med bøker ved sida av meg tilsei at eg har kjøpt for monge, men statusen er faktisk at eg heller manglar nokre. Det får så vere. Studenttips: Kjøp brukte bøker! Nokre er ein nøydde til å kjøpe nye, men eg har spart noko sånnt som 2500kr på å kjøpe alle saman brukt. Ein kan eigentleg nesten ikkje sjå at dei er brukte heller. I går tok eg til på å pugge anatomi. Skrekkhistorier frå andre som har slete med det opp i mot eksamen la seg rett under huda på meg og eg måtte sette meg ned med ein gong eg kom heim. Det trur eg er noko av det luraste eg har gjort. Pokker, så tjukk den boka er og for kvart avsnitt er det ca. 10 nye ord å pugge. Det er fysikk, biologi, kjemi og anatomi. Det blir hardt, men med nokre minutt kvar dag så skal det gå læll, sjø.

Eg må innrømme at det fyste eg gjorde etter skulen var eigentleg å legge meg ute i sola med my bff. Sida det vert lite sosialisering fram over var litt etterlengta prat om alt og ingenting heilt nødvendig.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nygårdsparken er vel og bra den, men det er desse små perlene av nokre parkar litt utanfor sentrum som treff meg midt i hjertet. Altså, å ligge midt i byen og vere heilt aleine? Priceless.

Tusen bilete av Osterøy

Når ein presenterar seg sjølv som nokon frå bygda er det ofte knytta negativitet til dette. Kvifor «bygda» har blitt eit negativt lada ord er for meg eit stort spørsmålsteikn. Kva kan ein finne på der då? Herregud, grenselaust. Eg har aldri meir å gjere på enn dei gongane eg ikkje oppheld meg i byen. Eller, eg har aldri meir ting å gjere på som eg elskar, er kanskje eit betre utsagn. I går gjekk vi berre rundt i bygda og besøkte folk vi kjende. «Nei, hei! Så koseleg at dokke kjem hit!» «Gleder oss til å sjå dokke igjen.» Ein vert så mykje meir satt pris på når ein oppheld seg på ein mindre stad. I byen for eksempel? Om du gjer feil kan du erstattast. Om så dette er i vennegjengen eller på jobb. Det er alltid fleire folk som er like flinke som du, eller like spennande som du. Eg set det gjerne litt på spissen, men den kjensla av velvære ein oppnår av å berre gå rundt på Osterøy, Nordfjordeid eller andre mindre stadar er heilt uoppnåeleg i byen. No høyrast det ut som og eg hatar å bu i by over alt anna, men det har verkeleg sine fordelar det òg. Ein kan for eksempel gå til butikken. Det kan ein forsåvidt her òg, men det tar vel ein time kvar veg.

I går plukka vi vår eigen salat, gjekk tur, besøkte folk vi kjenner og lærte om urter. Vi endte kvelden på toppen av bygda med eit glas vin og la oss i eit sjølvbygd anneks. Eg søv aldri beire enn med den friske bygdelufta. La bak meg heile 10 timar med bygdesøvn og er dermed klar for fadderveka neste veke!


Eg har nettopp brukt ein time til å velje ut kva bilder eg skal poste. Eg tok alt for mange fine bilder i går og endte dermed opp med sjukt mange eg ville poste. Uansett kor kritisk eg var klarte eg liksom ikkje å kutte ned meir enn dette her. Seier vel sitt om denne øya her.