Mine beste knekkebrød

Eg har laga knekkebrød lenge. Enkelt og greit fordi holdbarheita er lang og det smakar kjempegodt til frokost. Derimot har eg aldri laga knekkebrød som eg er heilt og holdent fornøgd med – før no. Dette er faktisk dei beste knekkebrøda eg har laga nokon gong! Haha, sjølvskryt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
→ 3 dl linfrø
→ 3 dl solsikkefrø
→ 3 dl sesamfrø
→ 3 dl havregryn
→ 3 dl mandelmjøl
→ 1 dl kokosmjøl
→ 3 ss kikertmjøl
→ 2 ts johannesbrødkjernemjøl
→ 9 dl vatn

Ikkje berre smakte det nydeleg, men denne oppskrifta skal eg klare å huske. 3 x alt utanom kokosmjøl, vatn og JBKM. For sånne nørds som meg er denne oppskrifta særs morosam.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte
→ Bland alt det tørre
→ Ha i litt og litt vatn. Husk at mine mål kan vere annleis enn dine og at mjølet mitt kan vere fuktigare/tørrare enn ditt. Vatnet må ein altså prøve seg litt fram med. Eg liker å ha ei ganske våt deig og heller tørke den ekstra lenge i ovnen på lav varme.
→ Smør deiga ut over to steikebrett. Mine var ganske tjukke då eg smørte dei utover. Husk at det forsvinn mykje vatn i ovnen!
→ Tørk deiga på 100-150°C på varmluft. For dokke som huskar tørking av kantarellane så er dette same metoden. Eg la ein klut mellom ovnsdøra og ovnen sånn at tørkeprosessen går lettare.
→ Knekkebrøda er ferdig tørka når dei ser ferdige ut – værre er det faktisk ikkje. Mine brukte ca. ein og ein halv time.

Dersom det skulle vere sånn at det nederste brettet i ovnen ikkje ser ferdig ut når det øvste gjer det (supervanleg) så steiker ein berre det nederste nokre ekstra minutt på slutten (doh).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter jobb i går laga eg meg rørte jordbær og hadde på toppen. Eg kunne ete meg i hel på heilegreia. Det er noko med blandinga av kokos, mandlar og frø i desse knekkebrøda som berre får meg til å dåne. Og knekkebrødskeptikaren sjølv (typen) har til og med godkjent dei! Yey, endeleg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom ein vil ha meir eksotiske knekkebrød kan ein for eksempel putte i urter, salt eller kva som helst anna krydder. Eg elskar for eksempel knekkebrød med tørka urter og salt i. Kvifor skal ein berre kunne gjere sånne morosame ting med brød, liksom? Beats me.

Glutenfri, laktosefri og veganske brownies

…Hæ? Joda, fullt mulig!

Det treng ikkje gå ut over helgekosen sjølv om ein legg om livsstilen. I går laga eg brownies av kikerter og litt anna snacks. Kikerter kan verkeleg brukast til alt. Visste du for eksempel at du kan lage marengs av veska kikertene ligg i? Eg har ikkje prøvd det enno, men det skal visst vere fantastisk godt. Kanskje det blir det neste på lista.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
→ 1 boks kikerter
→ 3 ss mandelmjøl
→ 10 dadlar
→ 3 ss vegansk smør
→ 4 ss havrefløte
→ 4 ts kakaopulver (raw)
→ 1 ts vaniljepulver

Eg byrja med å mose kikertene med ein brei kniv. Deretter tok eg ut steinane i dadlane, hakka dadlane opp og kokte dei saman med smøret til det vart ei tjukk masse. Eg blanda kikertene og daddelmassa. Deretter hadde eg i dei resterande ingrediensane (mandelmjøl, fløte, kakaopulver og vaniljepulver) og blanda dette godt. Browniesrøra vart steikt i forvarma ovn på 175°C i litt over ein time.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smaken vart meir enn godkjend av både meg og typen. Må seie at røra kanskje vart litt lite søt utan melisen på toppen, men at eg kanskje overdreiv den der «skal berre ta på litt melis»-greia.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Glutenfritt, laktosefritt og vegansk. Hallo, null stress!

«Kjøtt»kaker vol 2.0 og chunky tomatsaus

Sidan «kjøtt»kakene eg lagde sist vart så gode så måtte eg sjølvagt prøve dette ein gong til. Forrige gong var det einaste å sette fingeren på litt lite smak. Dermed brukte eg løk og kvitløk i desse «kjøtt»kakene. På den andre sida så vart desse mykje vanskelegare å steike – sjølv om eg ikkje anar kvifor. Det vil vel seie at eg må forsøke meg på enno ei oppskrift på desse. Smaken på dei eg lagde i dag var mykje betre enn sist. Så! Oppskrifta på kjøttkakene finn dokke her.

Eg mistenker at eg kanskje hadde for mykje potet og gulrot i og for lite mandelmjøl og olje denne gongen. Uansett, revidert oppskrift blir noko sånnt som dette:

→ 6 dl reven gulrot (evt. 3 dl reven gulrot og 3 dl reven potet)
→ 3 dl mandelmjøl
→ 1 dl olje (eg brukte raps)
→ ca. 1 dl vatn (berre å fylle i til det vert ei deig)
→ 1/2 løk
→ 2-3 fedd kvitløk

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dagens oppskrift forsøkte eg med potet i tillegg til gulrot.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mandelmjøl.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Moste kikerter.

I tillegg til gulrot og mandelmjøl (som eg brukte sist) hadde eg potet, moste kikerter, kvitløk og løk. Neste gong eg lagar dette vil eg nok sløyfe poteta. Det er sjølvsagt smak og behag. Eg er ikkje særleg glad i potet med mindre den er stekt, bakt eller dynka i meierismør.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg trur kanskje at sidan eg ikkje hadde olje i oppskrifta i dag så var kakene mine vanskelege å steike.

Ein del av middagen vart spaghetti, til dette synes eg at det passar med tjukke tomatsausar. Denne sausen har eg ingenting å utsette på, for den vart knallgod.

Oppskrift:
→ 1,5 dl kikerter
→ 1,5 dl hakka tomatar på boks
→ 1/4 løk
→ Eit fedd kvitløk

Framgangsmåte:
→ Ha alle ingrediensane i ein beholder og bruk stavmiksaren til du har ein jamn konsistens og kok opp. Rimeleg enkelt!

Er forresten ganske så sikker på at denne sausen heilt fint kan brukast som salsa til potetgull/grønnsaker/etc. dersom ein for eksempel har i litt jalapeños og lar vere å koke den.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hakka tomatar og kikerter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke ser er ikkje dagens «kjøtt»kaker særleg solide. Dermed har eg henvist til forrige oppskrift som vart mykje meir fast i forma og lagt til det som gjorde smaken på desse heilt topp.

Eg bestemte meg for å vere ein skikkeleg god kjærast og leverte middag på jobben til typen. Og han vart glad! Dagens gode gjerning.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er ikkje berre ris og grønnsaker ein kan putte i ein sunn lunsjboks. 

På skulen i dag så hadde vi vår fyste lab-øving. For to dagar sidan hausta vi bakteriar frå rundt om kring på skulen og oss sjølve for å dyrke desse. Du kan berre tenke deg det sinnsvakt ekle resultatet. Våre prøver var igrunn ikkje så ekle, men den som vart tatt i frå kortterminalen i kantina? Haha! Har ikkje særleg lyst å legge fingrane mine der no for å seie det sånn. Det blomstra i alle kantar på det prøveglaset. Det er no sånn at ein eigentleg er klar over kor mykje bakteriar som fins over alt, men å verkeleg få sjå det er noko heilt anna. Då fekk dokke ikkje berre dagens oppskrift, men òg dagens sjukepleiarprat. Særs kos.

«Kjøtt»kaker og luksuspommesfrites

Det er fredag og helgemat. Eg har absolutt ingenting å utsette på dagens rett. Heilt fab, vegansk helgemat i mine auger. Will do again.

Oppskrifta eg nytta til tahini henta eg her.
– 1 dl sesamfrø
– 2-3 ss sesamolje (eg nytta rapsolje i staden)
– 1/2 ts salt
– 1-2 ss varmt vatn

Får vel finne eit eller anna fancy program eg kan skrive oppskriftene i. Nokon som har tips? Får sende ein mail til fotballfrue, lissom.

Oppskrifta eg nytta til hummus henta eg her.
– 400g kikerter
– safta frå ein halv sitron
– 4 båtar kvitløk
– 1 ts salt
– 1 ss tahini
– ca. 1 dl olje
– ca. 1 dl vatn

Dersom ein ser på oppskrifta på Matprat skjønar eg plutseleg kvifor det vart så sinnsvakt mykje hummus. Herregud, eg har jo laga til 10 personar. Haha, jaja! Som regel når eg hentar oppskrift frå andre stadar vert det nokre skilnadar. Eg har for eksempel nytta vatn i min hummus. Dersom ikkje hadde den nok blitt litt for tørr. Dessutan nytta eg litt mindre olje enn det eg har skrive og bytta dette ut med vatn. Ein kan sikkert òg heilt fint lage hummus utan tahini sidan det er ein såpass liten ingrediens.


Snikskryt: Denne oppskrifta fant eg på i eit møte tidlegare på dagen.
Konsentrasjon = null.
– 6 dl reven gulrot
– 3 dl mandelmjøl
– 1 dl olje (eg brukte raps)
– ca. 1 dl vatn (berre å fylle i til det vert ei deig)

Forma dei til bollar og heiv dei på steikepanna. Vart sjukt med søl. He-he, neida. Steikte dei til dei var litt brune på begge sider. Neste gong vil eg nok steike dei over lenger til og på lavare varme enn eg hadde i dag (6 av 9).


Det verste med matblogg er å sjå på bileta og skrive om den rett etter du har ete deg stappmett. Vert liksom ekstra mett av heile greia. Neste gong kan eg nok nesten halvere porsjonen til meg sjølv. Kjenner verkeleg godt at det er olje på alt utanom nepene og tomatane. Er olje meir mettande enn smør? Eg kreperar nesten i alle fall.

For ein porsjon er prisen på denne maten ca. 50 kr. Sidan det er veldig mange småting i denne retten som eg ikkje har kvittering på så anar eg ikkje nøyaktig, men har rekna litt på det og det verkar til at 50 kroner er litt over nøyaktig pris. Absolutt ein studentvennleg vegansk middag!