«Berre» spaghetti i tomatsaus

Når mandagen kjem atter ein gong og ein kanskje har litt lite overskudd etter alle gjeremåla er dette den perfekte middagen. Den er megakjapp og smakar veldig godt. Det er rett og slett spaghetti med tomatsaus. Kjedeeeedelig tenker du kanskje, men tomatsaus treng ikkje berre å vere tomatsaus.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi begynder med å lage tomatsausbasen. Her er det ein boks hakka tomatar, smør, løk, kvitløk, chili og pesto. Etter at denne er køyrt til ei masse tilsatte vi hermetisk paprika, soltørka tomat, råkost (kålrabi og gulrot) og kidneybønner. Alt dette er sjølvsagt delt opp i fornuftig størrelse. Dette fekk småputre i nokre minutt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No når vi har ete spaghetti og makaroni så kokar vi det i grønnsaksbuljong. Det vert ikkje ei vannvittig kulinarisk oppleving på grunn av dette, men det gjer at spaghettien får det lille ekstra. Synast vi i alle fall.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når spaghettien er kokt og sausen er varma så ser det berre heilt fantastisk ut. Krydderet på toppen og i sausen er kjøpt i Frankrike og heiter Provence-krydder. Det er igrunn berre ei blanding av mange ulike tørka urter. Den inneheld i alle fall rosmarin, basilikum og timian – det står på fransk så… Dette er absolutt ikkje eit must, berre hiv i det du har i skapet av tørka urter så har du ca. det same som vi har i.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne dagen består for min del av jobb, lesing og styrearbeid så dette er med andre ord den perfekte middagen i dag.

Vegansk husmannskost på sitt beste

Ein skulle tru at sidan det er helg så har ein massevis av tid til å bruke på det ein vil. Vel, det spørs vel korleis ein ser på det, ein må jo ha pengar òg. No har eg endeleg satt meg ned, fått i meg mat og satt isen på kjøkkenbenken. Dessutan har eg endeleg tid til å skrive om torsdagens middag. Berre tre dagar etter, haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For eit resultat. Søtbotet-«bacon» i staden for svineri.

Kompar/klubb/raspeball er noko vi har tenkt på å lage alt for lenge. Som alle andre har vi den der sperra som seier at mat frå bunnen av – dèt er vanskeleg det. Atter ein gong må vi innsjå at ventetida har vore heilt unødvendig. Pokker så enkelt. Sidan vi tok det litt på sparket så hadde vi ikkje byggmjøl i skapet. Dermed vart vår kompar litt hardare enn den ein vanlegvis lagar. Vi brukte kveitemjøl i staden for byggmjøl.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke sikkert er klar over så er steikt kompar eit must i dagane etter. Dokke kan allerede gjette at vi lagde mat til ein hær. Vi har enno meir igjen… Så neste gong vil vi kanskje avgrense matlaginga til at det berre vert nok til ein halv hær. Hallo, vi er berre to personar, liksom. På den andre sida så hadde vi mat til middag og frokost x 3 for ca. 60 kroner.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi baserte oss på denne oppskrifta. Vi brukte kveitemjøl i staden for byggmjøl. Altså, det gjekk heilt fint, men eg vil nok teste ut byggmjøl neste gong.

Oppskrift:
→ Ca. 1 kg poteter
→ (Bygg)mjøl
→ Salt

Vi raspa 3/4 av potetene og kokte 1/4. Dei kokte potetene moste vi og blanda i med dei raspa potetene. Deretter tilsatte vi mjøl til det var blitt ei deig. På grunn av at vi ikkje hadde byggmjøl nytta vi òg maizenna og fiberhusk. Kva effekt dette hadde er eg usikker på. Konklusjonen er igrunn at ein berre skal bruke byggmjøl og eit par spiseskeier med kveitemjøl i deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi laga på same måten som ein formar bollar. For å gjere det litt enklare hadde vi olje på henda då vi forma dei. Vannvittig klissete og grisete arbeid om ein ikkje hadde olje på henda. Deretter la vi komparen i vatn og kokte dei like lenge som ein skal koke poteter. Sidan dette vert store poteter så kokte vi dei i 30-40 minutt. Når dette ikkje vert laga vegansk så kokar ein komparen saman med det salte kjøtet ein et på sida. Vi laga sjølvsagt ein vegansk variant og nytta ca. 2 ts timian i vatnet. Dette funka heilt supert! Ein kokar komparen rett og slett saman med krydder som er vanleg å nytte på kjøt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg trudde ein venninde av meg var heilt gal då ho sa: «Åååh!! Steikt raspe med ketchup!!» Viser seg at ho eigentleg var ganske så lur. Om du ikkje har prøvd det før så vil eg i alle fall foreslå det. Alle eg snakkar med synes uansett at eg er teit når eg seiar at eg må ha sukker på. «Det er jo sånn ein gjer for å få ungar til å like det!» Helsing Sofie 3 år, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Altså:
→ Lag deig
→ Kok saman med «kjøtt»krydder
→ Lag tilbehør

Husmannskost har aldri sett så enkelt ut.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som tilbehør hadde vi steikt hovudkål, steikt løk, steikte søtpotetbitar, kålrabi og gulrot. Til dessert hadde vi eit stort smil om munnen og ganske så trøtt tryne.

Krydderdilla

Eg har krydder på alt. Maldonsalt er ein av favorittane når det kjem til frokost, men til middag nyttar eg alt muleg. Dermed har eg vore på ein butikk i Bergen som heiter Aya Mat, dette er ein innvandrerbutikk (hallo, er dette lov å seie? Viss ikkje treng eg alternativ) like ved Bergen Storsenter som sel mykje rart. Eg veit om ein på Danmarksplass òg, men elles har eg ikkje fleire tips. I alle fall: Der får du superbilleg krydder. For dei posane her betalte eg 130 kroner. Gogogo!