Vegan pizza-time

Den siste veka har eg lest, øvd, lest og jobba. Dagane har gått i ett. Før eg visste ordet av det hadde eg nesten gløymt av denne matbloggen her i over ei veke! Neida, eg har faktisk tenkt på den kvar dag –  eg har til og med sett at nokre av dokke held ut sjølv om det ser dårlig ut på oppdateringsfronten ♥ På den lyse sida så kan du tenke på at dersom du skulle få meg som sjukepleiar så kan eg i alle fall alt om kva som skjer på innsida av kroppen din 😀

Dårlig tid fører til dårlig fantasi innanfor matvegen, det er kanskje litt derfor eg har droppa å oppdatere òg. Vi har laga god mat altså, men kanskje ikkje noko nytt. Forrige helg der i mot så laga vi vegansk pizza med vegansk rømmedressing! Det vart kjempegodt. Einaste minuset når ein droppar å ha ost på toppen er jo at ingenting heng saman. Dette er med andre ord ein pizza ein må ete med kniv og gaffel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi starta med å lage ein heilt standar pizzabunn (trur eg fann oppskrifta på MatPrat). Den innehold kveitemjøl, vatn, gjær og massevis av krydder. Krydderbiten er kanskje ikkje så standar, men eg har fått det for meg at pizzabunnar med krydder i – dèt er godt det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg er sjølvsagt ein juksemaker uten like. Fyst så blanda eg saman pizzadeiga, så rulla eg den utover eit brett og heva den i ovnen på ca. 40 grader. Det funkar heilt utmerka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På toppen hadde eg tomatpurè, hakka tomatar, oliven, soltørka tomat, ananas, mais, purre, løk, hermetisk paprika, champignon og kikerter. Marvellous!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom du ikkje har prøvd ovnssteikte kikerter så må du verkeleg få ræva i gir. Det smakar heilt himmelsk og i tillegg så er det superenkelt. Vi tar som regel ein boks kikerter, to ss olje og valgfritt krydder på før vi setter dei i ovnen på ca. 200 grader. I går var vi skikkeleg late og lagde desse kikertene, kokte ris og laga bernaissaus til. Perfekt avslutning på ein lang dag.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg må berre påpeike at dette er fyste gongen eg har laga pizzadeig med gluten. Haha, ei i studiegruppa ler sånn av meg når eg seier det, men det er jo sant! Eg lager berre deiger utan gluten til vanleg og har gjort det sidan sånn 2011. Så eg er faktisk ganske usikker på om eg fekk til å lage pizzadeiga skikkeleg eller kva som skjedde. Den endte opp med å bli ganske så flat og crunchy, men hey, vi kalla det berre for italiensk pizza og er meganøgde.

Vi brukte en vegansk erstatter for rømme som heiter iFraiche, men eg mistenker at dette kanskje var ein form for kesam i staden. Den var god på pizzaen altså, men det smakte litt feil – litt søtt kanskje? Om nokon rømmedressing-tips så jublar i alle fall eg av glede!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smutthol i veganloven

…For vår del i alle fall. «Hææ, et du vegansk? Korleis klarer du deg uten kjøt?» Kjøt går heilt fint, men kvit fisk derimot. Det har vore min absolutte favorittmiddag i løpet av heile livet. Den er det verkeleg vanskeleg å holde seg vekke frå. Heldigvis er det sånn at vi hovudsakleg et tilnærma vegansk for miljøet sin del. Dermed går det sjølvsagt heilt fint å ete sjølvfiska fisk. Phew! Denne er det svigerfar som har stått for.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fisken vart steikt i vegansk smør, sitronpeppar, løk og purre. 200°C i ca. 10 minutt held som regel i massevis – den må sjølvsagt vere tint fyst. Reknar med at dei aller fleste har opplevd smaken av tørr fisk og vil unngå dette. Så det er greit  å følge litt med på stykka i ovnen. Dei tynne stykka kan ein godt ta ut og servere før dei tjukkare stykka er ferdigstekt. Ein kan då alltids forsyne seg to gongar – eit must i denne samanhengen forsåvidt. Smakssløkane mine hoppa av glede. Det blir jo nesten som ein julemiddag når det går så lenge mellom kvar gong. Og du kan tenke deg gleden av å få fisk av svigers når vi nesten aldri et det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Særleg billigare middag får ein vel ikkje. Gratis fisk og billige råvarer som løk, potet og rotgrønnsaker. Studenttips i fleng.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som tilbehør hadde vi kvit saus, poteter, makaroni og råkost av gulrot og kålrabi. Værre treng det tross alt ikkje vere. Skulle gjerne skrive oppskrifta på sausen til dokke, men eg har rett og slett ikkje peiling så google it lissom. Eg åt til eg rulla.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag tar eg faktisk ein skikkeleg innekveld. Isen er i frysen og oboyen i skapet, så det ser i alle fall lovande ut for min del. Av og til er det berre så hinsides deilig å vere heilt aleine. Kanskje eg skal finne fram strikketøyet og tekoppen òg så ser dokke meg kanskje med grått hår på mandag.

Fargerik fredagswok

Er ikkje vi lei av den der fredagstacoen snart? Det her er i alle fall eit fantastisk alternativ. Eg har hatt ei vannvittig travel veke med oppgåveskriving og ja, livet. To do-lista stoppar liksom aldri, men sånn er det vel for dei fleste. Uansett, eg var så heldig å komme heim til matlaging her ein dag. Då måtte eg berre hoppe inn i prosessen og sikre nokre bilder av det heile. Har dokke sett noke så fargerikt og fantastisk? Wææ, ikkje for å skryte, men typen lagar den beste woken eg veit om.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag hadde vi nummer to i rekka av obligatoriske, munnlege framføringar. Herregud, eg blir så nervøs når eg står der framme! Heldigvis gjekk det mykje betre denne gongen, enn forrige. Yey, me! Liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I woken hadde vi kidneybønner, brokkoli, søtpotet, gulrot, kål, sopp, en halv løk, purre, hermitisert paprika, kokosmelk og ananas. Haha, Piña Colada-wok.

Søtpotet, gulrot og kål vart strimla. Brokkolien vart dampa. Løken og soppen vart stekt på lav varme i olje i ca. 10 minutt. Vi blanda desse delane og steikte det saman i eit par minutt saman med ananas. Etter at alle ingrediansane som trengte lang steiketid var ferdig la vi til dei som gjerne berre treng å bli varma opp: Hermetisert paprika, purre og kidneybønner. Til slutt hadde vi i krydder og kokosmelk. Kryddera er igrunn alle dei vanlige – curry, karri, gurkemeie, kvitløk og salt. For min del var det nok soppen og ananasen som gjorde susen denne gongen. Megagodt i alle fall!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har snakka om det før, men eg kan eigentleg ikkje ete gluten/kveitemjøl i det heile, men skal no forsøke å påvise cøliaki eller allergi. Mest for min egen del. Etter å ikkje ha ete makaroni og pasta på 5 år så er eg no heilt hekta. Eg har lyst til å ete det til alle måltid. Herregud, det er jo avhengighetsskapande heile greia. Må seie at eg verkeleg gledar meg til dette forsøket er over. Eg manglar energi, har konstant vondt i magen/kroppen og har fått søtsug (??!!). Okei, det med søtsug høyrast kanskje ikkje så rart ut om du ikkje kjenner meg, for det får vel alle, eller? Nei. No er eg litt kresen på alt av søte ting så eg er kanskje ikkje verdas beste eksempel, men eg har verkeleg aldri hatt meir søtsug enn eg har no. Brødskiver og makaroni øydelegg definitivt alt som heiter stabilt blodsukker. Humøret mitt er dårlegare, dei månedlege smertene har skutt til himmels og eg skal aldri ete kveitemjøl igjen etter at dette greiene her er ferdig. Om nokon som les dette tenker på å endre på kostholdet sitt, så er kveitemjøl definitivt det fyste alle burde kutte ut – i alle former. Så må ein ikkje erstatte det med det der tulle-glutenfrie-erstatnings-greiene. Hallo, då er vi like langt.

Dermed vart det sjølvsagt kokt makaroni med steikte tomatar som sidedish.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein kan liksom sjå at det smaker godt. Eg var så heldig å finne restar av nettopp denne woken i kjøleskapet tidlegare og dagen vart dermed redda. Av og til er det verkeleg ein forbannelse å vere jente.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne woken er igrunn berre laga av det vi hadde i kjøleskapet og skapet frå før. Ein del av ingrediensane er hermetiserte. Er det ein ting vi alltid har i leiligheta så er det hermetiserte matvarer. Det kan redde alle dei dagane ein ser i kjøleskapet og tenker: «Pokker, eg skulle verkeleg gått til butikken likevel.»