Ein blåbærtur for sjela

Siste dagen på Osterøy måtte sjølvsagt brukast til noko kreativt. Eller, kreativt og kreativt. Vi plukka blåbær. Eg får ikkje understreka nok kva nokre timar i naturen gjer med sjela. Vi hadde ein laber start med få og små bær på buskene vi fann, men det tok seg heldigvis opp på slutten. Det endte med at vi hadde fylt ei heil bøtte då vi gav oss.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I skogen finnast det heldigvis ikkje motepoliti.

Det einaste minuset med blåbærturar for min del er froskane. Der blåbæra trivst gjer visst froskane òg det. Vi møtte ikkje på fleire enn to stykker, så det vrimla ikkje akkurat. No er det sånn at eg hyler og hoppar to meter opp i lufta kvar gong eg kjem nært ein frosk. Sikkert vannvittig underhaldande å sjå på. Herregud, eg anar verkeleg ikkje kvifor. Froskar, liksom? Kva pokker skal dei gjere mot meg? Hahaha, men men, det er vel sånne ting ein kallar for ein fobi. Kjempekjekt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg er så sær at eg heller liker å plukke bær for hand enn å bruke plukkaren. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er særs fristande å berre ete alle blåbæra i staden for å ha dei i bøtta.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som med kantarellen tar det verkelege arbeidet til når ein skal renske blåbæra tomme for alt muleg rusk og rask. For ein jobb. No er vi endeleg ferdige og har nesten fire liter sjølvplukka blåbær i frysaren. Ein kan sjølvsagt lage både saft og syltetøy i staden for å fryse alt, men det er eg ikkje drilla på enno. Det får bli neste gong.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er nok slik at det finnast like mange måtar å renske blåbær som det fins folk som plukkar blåbær. Vi valgte å legge alle utover ei flate og ta det der i frå. Sidan bæra våre hadde reist frå Osterøy til Bergen før vi renska dei så måtte vi nok hive fleire enn vi ville. Moste og mjuke blåbær skal visst vere heilt fint å lage saft og sylte av, men eg er ny på dette og tok dermed ingen sjansar. Haha!

Ein kan lage te heilt sjølv!

Svigermor spøker ofte med at dersom ho hadde levd for 3-400 år sidan så hadde ho blitt offer for den norske heksejakta. Ho veit alt som er å vite om urter og kva ein kan nytte dei til. Ho lagar blant anna te, krem, lypsyl og olje av urtene ho har i hagen og dei ho plukkar rundt om kring. I går fekk eg vere med på ein sånn tur. Eg er heilt overraska over kva dei heilt vanlege norske plantane kan brukast til. Dersom ein tar Mjødurt (som vi plukka i går) og tørker denne, så blir det for eksempel te. Ein kan forsåvidt lage te av frisk mjødurt òg, men då må den kanskje plukkast kvar dag. Det ein lagar te av er blomsterknoppane og dei nye blomstrane. Eg forsøkte meg på ein kopp te av frisk Mjødurt i går kveld og det smakte fantastisk.

Meir informasjon om urten kan du finne her. Før i tida vart den gjerne brukt som smertestillande middel eller som smakstilsetning i mjød. Elles er te og saft hovudbruksområda. Den inneheld òg C-vitamin! Kjenner eg må ta fleire slike ekspedisjonar. Eg lærte utruleg mykje på berre nokre få timar. Litt seinare på hausten blir det kanskje plukking av kantarell, nøtter og andre urter!


Nettsida til Gunvor (kunstnaren) kan du finne her. Det er verkeleg verdt eit par minutt av alle si tid. Aftenposten sin artikkel på Richard Devereux si utstilling på Osterøy kan du finne her.

No er vi tilbake i Bergen og eg skal ta meg ein etterlengta tur til frisøren. Vert endeleg kvitt det gul/kvit/grå håret mitt. Fann ut at det er best å bli kvitt (nesten) alle frisørutgifter før eg tar til som student. Ønsk meg lykke til!

Tusen bilete av Osterøy

Når ein presenterar seg sjølv som nokon frå bygda er det ofte knytta negativitet til dette. Kvifor «bygda» har blitt eit negativt lada ord er for meg eit stort spørsmålsteikn. Kva kan ein finne på der då? Herregud, grenselaust. Eg har aldri meir å gjere på enn dei gongane eg ikkje oppheld meg i byen. Eller, eg har aldri meir ting å gjere på som eg elskar, er kanskje eit betre utsagn. I går gjekk vi berre rundt i bygda og besøkte folk vi kjende. «Nei, hei! Så koseleg at dokke kjem hit!» «Gleder oss til å sjå dokke igjen.» Ein vert så mykje meir satt pris på når ein oppheld seg på ein mindre stad. I byen for eksempel? Om du gjer feil kan du erstattast. Om så dette er i vennegjengen eller på jobb. Det er alltid fleire folk som er like flinke som du, eller like spennande som du. Eg set det gjerne litt på spissen, men den kjensla av velvære ein oppnår av å berre gå rundt på Osterøy, Nordfjordeid eller andre mindre stadar er heilt uoppnåeleg i byen. No høyrast det ut som og eg hatar å bu i by over alt anna, men det har verkeleg sine fordelar det òg. Ein kan for eksempel gå til butikken. Det kan ein forsåvidt her òg, men det tar vel ein time kvar veg.

I går plukka vi vår eigen salat, gjekk tur, besøkte folk vi kjenner og lærte om urter. Vi endte kvelden på toppen av bygda med eit glas vin og la oss i eit sjølvbygd anneks. Eg søv aldri beire enn med den friske bygdelufta. La bak meg heile 10 timar med bygdesøvn og er dermed klar for fadderveka neste veke!


Eg har nettopp brukt ein time til å velje ut kva bilder eg skal poste. Eg tok alt for mange fine bilder i går og endte dermed opp med sjukt mange eg ville poste. Uansett kor kritisk eg var klarte eg liksom ikkje å kutte ned meir enn dette her. Seier vel sitt om denne øya her.