Bakt fennikel og suppe av brokkoli og grønnkål

Her ein dag fann eg fennikel på butikken. Sidan eg ikkje ante kva det var så vart sjølvsagt denne med heim. Google gav meg denne oppskrifta på MatPrat og eg måtte jo berre prøve. Korleis ein tilbreder grønnsakene i måltidet er nesten skrive med lita skrift, men men!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg skar to stykk fennikel i fire og smurte den ildfaste forma med olivenolje. Deretter draup eg over olivenolje og strødde over salt og pepper. Til slutt heiv eg over to fedd kvitløk (hakka). Dei vart steikt på 225°C i 25-30 minutt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift til suppa:
♥ 1 1/2 brokkoli (inkludert stilk og friske blad)
♥ 4 heile blad grønnkål
♥ 1-2 dl fløte
♥ 2 ss smør (raps og kokos)
♥ salt og pepper

Som vanleg dampa eg brokkolien og heiv alle ingrediensane i ein blender. Etter at alt hadde blitt ei tjukk masse, varma eg alt opp igjen og lot det putre i 10 min. Det er alltid sånn at jo lenger ei suppe får putre, jo betre vert den, men vi var alt for svoltne til det.

Vi hadde òg i eit fedd kvitløk, men det vil eg eigentleg anbefale deg å droppe. Det vart ein alt for sterk kvitløkssmak for min del i alle fall. Eg skjønar ikkje heilt kvifor, med tanke på at det berre var eit fedd i så mykje suppe. Jaja, vi droppar det i alle fall neste gong.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan det er sal på både blomkål og brokkoli på ein heil masse butikkar, har eg handla inn sjukt mykje av begge. 10 kr per blomkål og brokkoli gjev ein pris på ca. 30 kroner for to til tre middagar for ein (dersom ein reknar med krydder, smør og fløte).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smaken av fennikel er litt lakrisaktig. Smakar det litt som anis? Eg veit ikkje, noko i den duren trur eg. Uansett, eg synast det smakte fantastisk. Neste gong har eg lyst til å steike dei saman med løk òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥ Fennikel inneheld vitamin C, kalium og kostfiber.

♥ Brokkoli inneheld vitamin C, kalium, kostfiber. Den er òg rik på betakaroten.

♥ Grønnkål inneheld vitamin C, kalium, jern, kostfiber. Grønnkål er særleg rik på A-vitamin og betakaroten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne maten var akkurat det eg trengte etter årets fyste reine styrketrening. Herlighet kor støl eg er i dag. Det er likevel ikkje så ille som eg trudde det skulle bli. Eg er rimeleg fornøgd med at det går heilt fint å gå i trapper. Haha! No er det tilbake til pugging av sjukdomslære. Eg kan nesten ikkje vente til eg skal på fotballtrening, og kjenner at denne dagen skal avsluttast med tidenes heftigaste smoothie.

Ha ein nydeleg dag! ♥

Risnudlar og brennsnut

Ei vare eg har savna i ein glutenfri diett er pasta. Eg har gått heilt ut i frå at det er kveitemjøl i all pasta. Det viser seg sjølvsagt å vere delvis feil. Det er verkeleg kveitemjøl i mykje merkeleg, men ikkje i risnudlar! No når eg fyst hadde kjøpt inn desse risnudlane så kan eg ikkje skryte på meg at eg var særskild positiv. Det skulle vore eit uttrykk som gjekk noko sånnt som dette: «Med ei negativ innstilling vert ein alltid positivt overraska.» Det verkar til å vere tilfelle for min del i alle fall. Det einaste vi gjorde var å koke risnudlane og ha i smør etter at vatnet var tatt av. Greit nok, nudlande smakar nok ikkje særleg mykje for seg sjølv, men eg vel å sjå positivt på det. No kan eg velje kva pastaen min skal smake heilt sjølv. Det treng heller aldri å verte kjedeleg dersom ein tenker på alle moglegheitane i staden for avgrensingane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Risnudlane er nok heilt fantastiske med pesto, kvit saus, ostesaus, i buljong og i wok. Dersom ein skal ha dei i varme rettar vil eg foreslå å koke dei nesten ferdige og deretter tilsette dei på slutten av matlaginga. Dei vert nemlig ganske så skjøre om ein kokar dei for lenge. For all del, det vil nok ikkje spele noko rolle for smaken si skuld, men ein et med auga òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har skjønt at brennsnut er eit namn ein berre nyttar visse stadar. Sidan det kanskje treng forklaring for nokre kan eg seie at det eigentleg berre er ulike grønnsaker i suppe av buljong og vatn. Ein kan med andre ord ha i akkurat dei grønnsakene ein likar best sjølv. Vi har som regel i gulrot, potet, kålrabi, purre, løk og ulike krydder. Denne gongen hadde vi vel berre i alt for mykje pepper. Haha, vi sat og sveitta når vi åt. Jaja, betre lykke neste gong seier eg berre. Som i alle andre rettar er det greit å huske på at ulike typar grønsaker har ulike koketider. Potet tar til dømes lang tid, mens purre tar kort tid om ein likar den litt sprø. Det fine med dette er at ein kan hive i ein ingrediens og berre kutte opp alt det andre mens denne eine kokar aleine ei stund. Jubel for rask matlaging!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om ein derimot ikkje har i alt for mykje pepper er dette ei heilt fantastisk kvardagssuppe. Eg brukte forresten restane av denne suppa i tomatsuppa eg laga i går. Har dokke sett reklama MatPrat har for tida med den der gjenbruksgreia? Dette er i alle fall eit genialt eksempel på det. Altså, om ein har i ei potet og litt gulrot i ei tomatsuppe så er det ingen som kjem til å merke noko som helst.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I mars har eg og typen forresten tenkt å forsøke å leve på eit så lavt matbudsjett som mogleg. Vi er i alle fall spente på korleis vi skal løyse den knipa. Eg har allereie juksa litt og kjøpt inn tofu for ein heil månad, så foreløpig ser det ut til å gå bra med ein sparsom månad. Haha!

Krydra gulrotsuppe med grønsaksrestar

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her har eg steikt ein heil chili, ingefær, og to fedd kvitløk i nøytral olje. Etter dette hadde surra i eit par minutt heiv eg i ein heil løk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Brukte ca. dobbelt så mykje gulrot som løk. 6-7 middels store gulrøter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når eg lagar suppe puttar eg alltid i smårestar som må eller burde brukast same dag. Eg, som alle andre, hatar å kaste mat. Dermed vart det litt blomkål, squash og sitron i suppa denne dagen.

Etter at grønsakene var blitt møre, hadde eg alt saman i ein blender. Dette fekk stå ei stund før eg tilsatte eit par desiliter vatn eg kokte suppa opp ein gong til. Det vart ei tjukk suppe for meg, men det kan man sjølvsagt velge sjølv med å ha i så mykje vatn ein måtte ønske.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det skulle ikkje meir til enn litt grasløk og pepper på toppen før dette ikkje føltes som ein restemiddag lenger!